Måndag var ordførarutvalet igjen på bedriftsbesøk, og denne gangen gikk turen til Åseral kommune, kor me møtte Satu Koski og Karl Robert Leland. Dei driv ei allsidig verksemd, som har utvikla seg over mange år.
Åseral Hytteservice driv med både formidling av praktiske tenester til hytteeigarar og hytteutleige. Dei har omlag 70-80 hytter i porteføljen og 5 egne hytter. Dei har provisjon på utleige av hytter, og har fleire pakkar å tilby hytteeigarane, alt ettersom kva dei etterspør at tilleggstenestar. Ein fordel er at vi løyser situasjonar her-og-no, fortel Satu og Karl – og det er det mange hytteeigarar som set pris på. Dei har ikkje andre tilsette, men samarbeider med andre bedrifter og sendar oppdraga vidare når det gjeld bestilling av reinhald, snørydding osv. Satu understrekar at dei dei samarbeider med har eiga organisasjonsnummer.
 
Deira erfaring er at såkalla lavstandard hytter har blitt meir og meir populært og etterspurd dei siste åra. Naturcamp, gardshytte og camping- og bobilcamp har dei også, for å nemne noko. Sato fortel at gjestane slett ikkje berre er «innom», mange leigar gjerne for 3-4 uker ad gangen. Vidare har me fleire som kjem igjen og igjen, fortel Sato, og det gjer at ordet spreiar seg.
 
Dei starta opp Håvestøl NaturCamp for nokre få år sida. Satsinga har vore ein stor suksess, og me har vore fullbooka dei to siste åra, fortel Satu. Dette kan nok sjåast som tydeleg trend i samfunnet, kor mange set pris på det enkle og nærleiken til naturen. Å kunne sjå nattehimmelen utan forstyrrande ljosforureining, kaste ut fiskesnøret, eller berre det å sitte rundt eit bål og vera tilstade her og nå er gjerne noko me kallar «enkelt», men det har og ein eksklusivitet over seg som me som bur her lett gløymer. Livet forandrar seg, generasjonane forandrar seg og kundane forandrar seg seier Satu – og me må tilpasse oss.
 
Ein skal heller ikkje gløyme at det er god del som beint fram har mindre å rutte med enn dei hadde for nokre år sida, poengterer Satu og Karl.
 
Satu fortel at ho , sitat: «sitter som ein edderkopp» og styrar en haug med forskjellige bookingsystem og –kalendre som ikkje snakkar saman. Me blei mest svimle av å høyre kva som må gjeras kor når det kjem endringar i reservasjonane, så metaforen ho bruka var strålande. Når det gjeld marknadsføring og profilering gjelder det også å vere tilstade på fleire flater, i fleire kanalar og helst på fleire språk. Ja, me burde nok brukt meir video, og ikkje berre bilete, seier Satu – men også her må ein rett og slett prioritere kva ein brukar tid på.
 
Mange av gjestane deira er frå utlandet. Dei siste to åra har det vore «heilt vilt», fortel dei. At ferjeruta til Nederland blei nedlagd merka dei med ein gong, men ikkje alle har kome med den. Nyleg hadde dei ein dansk gruppe på besøk, så marknaden er der. Karl og Sato gav oss ein betimeleg påminning om at utanlandske gjestar ikkje alltid er har internett med seg på mobilen slik vi er så vande med å ha i Noreg, og at trykt informasjon derfor er etterspurt. Ein må heller ikkje gløyme at Vipps ikkje er gangbar mynt for dei som kjem langvegsfrå.
 
Satu er opptatt av berekraft i ord og handling, og gav gode døme på kor viktig det er å ha berekraftsperspektiv i det ein gjør. Den form for hytteutleige som Åseral hytteservice tilbyr, kan ein også sjå som ein måte å få fleire folk til å være meire på hyttene. Og dess fleire døgn kvar hytte er i bruk er bra både ut frå eit berkraftsperspektiv og med tanke på ringsverknader lokalt.
 
Ein tretopphytte eller to kunne dei nok tenkt seg, men når dei får spørsmål om via ferrata «sendar vi dei til Valle – der me også leigar ut hytter» fortel Satu. Og det å sjå ting i samanheng er noko dei er opptekne av, også i eit berekraftsperspektiv. Kor er bussen?! For 3-4 år sidan mista dei bussen, og korleis skal eigentlig gjestane våre som ønsker å reise kollektivt koma seg hit spør Sato retorisk; og visar til det faktum at det er en aukande gruppe, spesielt yngre, som ikkje har bil en gong. Satu spør ikkje berre ut i lufta heller, og brev er sendt til både Agder kollektivtrafikk og andre.
 
Gardshytte er superpopulært, og ordførarane blei sterkt oppmoda til å gå heim og leggja til rette for gardshytter i eigne kommunar.
Satu og Karl uttrykker stor glede over dei mange strålande positive møte med gjestane deira. Me fekk et lite glimt av nokre av dei flotte og rørande tilbakemeldingane dei har fått frå gjestane sine. Og ut frå den positive, humørfylte og gode energien dei sjølv møtte ordførarane med skjønar vi godt at gjestane deira trivs!
 
Me takkar for utruleg gildt og interessant besøk!