Marit S Kvaale

140 timer YSK grunnutdanning gods

Helgekurs i Valle.

Treng du 140 timers grunnkurs gods for yrkessjåførar?  NY FRIST for påmelding.

Setesdal regionråd arbeidar med å arrangere 140 timars grunnutdanning godstransport for yrkessjåførar (YSK gods) i Setesdal.

Alle som køyrer gods med tyngre køyretøy mot vederlag, må ha yrkessjåførkompetansen. Yrkessjåførkompetansen dokumenterast med kode 95 i førarkortet.

Kursstad: Valle

Kursdagar: 6 helgesamlingar, torsdag -søndag, våren 2017. Datoar kjem når ein veit om det er nok interesse.

Kvar samling vil ta føre seg ein modul. Det er obligatorisk oppmøte på alle samlingane. Tidlegare gjennomførte modular kan bli godskrivne, ta kontakt om du er i tvil om det gjeld deg. I modul 6 er det individuell køyring, denne delen blir lagt til vekedagar.

Kursinnhald:

Modul 1: Innleiing søknad, krav, mål 
Modul 2: Yrkessjåførens helse, sikkerheit og arbeidsmiljø
Modul 3: Køyreteknikk og optimal bruk av tunge køyretøy
Modul G4: Godstransportens vilkår
Modul G5: Godstransport i praksis
Modul 6: Sikker åtferd på vegen

For å delta på kurset må du:

  • Ha ein klasse C1 eller C
  • Fylt 21 år

Kursavgift: max 50 000 kr + 2 000 kr i kursmateriell. For deltakarar frå Setesdal, vil Setesdal regionråd dekke delar av kursavgifta på 50 000 kr.

Kursholdar: Flekkefjord opplæringssenter, står ansvarleg for at opplæringa blir gjennomført etter gjeldande lovar og reglar. Dei stillar òg med det som trengs av utstyr.

Eksamen: Ved fullført kurs må det avlegast eksamen. Deltakarane er sjølv ansvarlege for å gjennomføre denne ved ein godkjent trafikkstasjon.

Frist for påmelding: 17.mars 2017

Trenger 15 stk, for å gjennomføre kurset. 

Spørsmål/ påmelding: eli.beate.tveiten@setesdal.no tlf: 922 68 507

 

Me tek atterhald for at det kan bli endringar, eller at det ikkje vert nok påmeldte til å halde kurset. 

 

 

Kontaktinformasjon

Spørsmål/påmelding:

Eli Beate Tveiten

Tlf: 922 68 507

Mail: eli.beate.tveiten@setesdal.no

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS