Setesdalskonferansen_20180413_0130 STYRK FJÆRTOFT

Ambassadør Kim Rysstad

Historiens andre Setesdalsambassadør

Vokalist og kvedar Kim Rysstad er av styret i Setesdal Regionråd utnemnt til Setesdalsambassadør!

Vokalist og kvedar Kim Rysstad er av styret i Setesdal Regionråd utnemnt til Setesdalsambassadør! Kunstnaren frå Rysstad i Valle er historiens andre Setesdalsambassadør etter utnemninga av Olav Neset i 2015. Utnemninga skjedde på Setesdalskonferansen etter Kims framføring av vemodig vakre morgontonar saman med Trym Bjønnes frå Bykle.

Avgåande dagleg leiar Signe Sollien Haugå og styreleiar Bjørn Ropstad i Setesdal Regionråd overraska den ferske ambassadøren med tittel, diplom og setesdalskrullen i gull. Her er grunngjevinga:

"Ambassadøren skal ta vare på Setesdal sine interesser over alt der han måtte reise. Som sendemann for dalen, er han vårt bindeledd til institusjonar, sivilsamfunn, media og samarbeidsorganisasjonar i dei land han er. Dette er ein viktig del av Setesdal sitt andlet ute i verda. Ambassadøren skal representere Setesdal på ein god måte og utan tanke på eigen nytte.

Kim A. Rysstad formidlar gjennom sin vokal - gjennom kveding og song, musikken og «grunntona» i Setesdalskulturen på ein framifrå og unik måte. Han bevegar seg over i mange ulike sjangrar, men den særmerkte stemma er alltid berande. Rysstad sine utgjevingar og musikalske samarbeid har alt resultert i mange tidlause og varige spor! I tillegg gler han sitt publikum anten det er på turnear i skulen, på små og større kulturarrangement, eller dei store scener i inn- og utland.
Tittelen er tildelt fordi han på sin stillefarande og makelause måte formidlar og fremjar Setesdal og tilhøyret til folkemusikken vår på ein særs positiv måte både i Setesdal, elles i Noreg og i utlandet. Innsatsen er gull verdt!

Det synlege teiknet på dette er ei utmerkinga i form av eit diplom og setesdalskrullen i gull." Til lukke, kjære ambassadør! Me er stolte av deg!

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS