Barn og geit

"Årsoppgjer" - Setesdal regionråd 2016

Setesdal – berekraftig og fornybar!  - Ein ledetråd og ambisjon for det vi stellar med. Mykje skjer som understøtter dette!

I 2016 har vi ;

Ungdomsprosjekt; Namnet vart, Setesdal gründer- og samfunnsutvikling. I haust starta prosjektet for unge mellom 16-35 år.  Prosjektet med arbeidstittel Setesdal Åhoi mottok 1,8 millionar i støtte frå Kommunal og moderniseringsdepartementet. I 2017 blir det arbeidd med; Landlivsmentor, Business og «gründermillionen», Utdanningsval og arbeidsliv, Festival og fellesarrangement og Ungdomsråd. Nye tankar, initiativ og entusiasme  - gler oss som følgjer desse! Dette er berekraftig utvikling i praksis!

Berekraftig reisemål: Som første region fekk Setesdal merket som «berekraftig reisemål» - eit prosjekt som starta i Regionrådsregi og der Visit Setesdal tok hovudprosjektet.

Miljøfyrtårn: I alt 6 verksemder vart miljøfyrtårn-sertifisert i samband med felles prosjektet – og med incentivordninga

Hurtigladestasjonar og Tesla-ladar: Reiseruta vart den første fullt utbygde grøne reiseruta med investeringar i hurtigladestasjonar i alle kommunane samd Tesla-lader midt i dalen – Vi feira dette med snorklypping 18.mars. I tillegg fekk 5 verksemder til å  etablere ladepunkt for å trekke kundar til seg .

Grüne Woche var ei stor hending der vi var tungt representert med mye av det vi kan by på av lokalmat og reiseopplevingar.  Tulla Bjåen vart Setsdal og heile Sørlandet si bakstekone i Berlin.

Visit Setesdal:  Imponerande; 35 % vekst i sommartrafikken i Setesdal i 2016Destinasjon Hovden yter fellestenester til marknadsføring og fellestiltak for reiselivet i dalen gjennom Visit Setesdal. Tidenes første «Setesdalsmagasin» vart gitt ut gjennom Visit Setesdal og Media 07 – i samarbeid med Regionrådet.

Riksveg 9 Mykje veg for pengane og god framdrift! Målet om «gul midtstripe til Hovden innan 2023 kom mange løpemeter nærare. Parsellen Sandnes-Harstadberg vart bygd ut (4,2 km). Den 15.oktober var Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og storingsrepresentant Ingebjørg A. Godsksen med og opna denne. Det kom oppstartsløyving til Skomedals-parsellen.  Regionrådet løyvde 2 mill. i håp om å utløyse forsert oppstart av neste parsell  Bjørnarå – Optestøyl.  I budsjett-tingingane på Stortinget i desember kom og komitémerknad som tilseier at  det blir realitet i 2017. Artig også at måten med samfinansiering og den «regionale dugnaden» tener som modell landevegsutbygging for resten av landet, og at det resulterer i oppsiktsvekkande rimeleg løpemeter-pris.

Kompetanse: Styret vedtok ny Kompetansestrategi etter kartlegging av behov innmeldt frå arbeidslivet i dalen. Operativt gjennomførte vi 8 kortkurs for etablerarar og næringsliv, og sette i gong norskkurs for arbeidsinnvandrarar og utanlandske tilflyttarar. Det distriktsvennlege sjukepleiarstudiet går som planlagt og studentgruppa i  Setesdal  er no klare for praksisperiode i 2.studieår. Vi nytta og 2016 til å utvikle desentralisert helsesøsterutdanning – blir truleg i 2017.

Næringsutvikling: Ose Water var årets store og gledelege overrasking på næringsfronten. Vi har merka historisk stort trykk på næringsarbeidet og ei rekke verksemder har fått oppfølging – og mange har fått støtte til etablering og vidareutvikling. Det regionale næringsarbeidet skjer i tett samhandling med kommunane si 1.line.  I år har det handla om mykje nydyrking og litt lokal mat/foredling, bratt friluftsliv, produktutvikling, internasjonalisering, øko-initiativ frå reiselivsverksemder, digitale næringar, bedriftsintern kompetanseutvikling/ sertifiseringar og prosjekteringsstøtte til produksjonsverksemder for å nemne noko. Sist men ikkje minst støtte til to nye ambulanseselskap – som både gir lokale arbeidsplassar og sikrar samfunnsnytte/beredskap.  

Setesdalskonferansen vart ein høgdare med nettverk, kompetansedeling og inspirasjon – ein møteplass for næringslivsleiarar og «apparatet»

Steinar Nomeland vant Grunderkonkurransen med si utvikling av «Polarsand» - medan Valle sparebank fekk årets Setesdalspris.

Omskiftelege tider – moment for handling: 2016 må seiast å vere eit år i reformane sitt teikn med; Kommunereform , Regionreform, Politireform, endringar innafor NAV og Skatt. Vi  har vi delteke aktivt i høve desse og i den regionaliserte dialogen i Agder for å ivareta kommunane i fellesskap, distriktet og Setesdal samla. For oss er det viktig å samhandle og løfte fram Setesdal som aktivum for landsdelen.  Kommunane og Regionrådet har hatt ei aktiv rolle i dette – samt at mykje er lagt i prosessen om Regionrådet si organisering og rolle framover, med avklåring hausten 2016.  I kjølvatnet av alt dette ser ein om mogleg enda tydlegare tydinga av å vere framoverlente for å sikre utvikling og handling der moglegheitsromet til ei kvar tid er.

Vi ser 2017 i møte med stort engasjement og arbeidslyst! I det vi blar om på kalenderen aukar vi og kapasiteten for å gjere enda meir til gagn og nytte for fellesskapet, -  og for at det skal vere godt å bu, gjeste og drive verksemd i Setesdal framover. Godt nyttår!

 

Jon Rolf Næss                                  Signe Sollien Haugå

styreleiar                                           dagleg leiar

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS