Ordførere med Åseral

Åseral medlem i Setesdal regionråd

Mandag 26.august 2019 vart søknaden frå Åseral kommune om å bli medlem i Setesdal regionråd handsama på styremøte og i representantskapet for Setesdal regionråd.

Vedtaket vart einstemmig positivt på både styremøtet og i representantskapet. Saka gjeng no til kommunestyra i medlemskommunane.

Det er ein historisk dag for Setesdal regionråd.

På biletet ser ein ordførarne samla, frå venstre Leiv Rygg Langerak (Bygland), Steinar Kyrvestad (Valle), Oddmund Ljosdal (Åseral), Bjørn Ropstad (Evje og Hornnes) og Jon Rolf Næss (Bykle).

Biletet er teken av Geir Daasvatn.

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS