Berekraftig byggeri i Setesdal

Oppstart- og informasjonsmøte om dette prosjektet blei gjennomført på Rysstad 21.9.2017, med 36 deltakarar frå heile Setesdal. Presentasjonar som blei halde på møte ligg under "Tilknytta element". 

Prosjektet har ei eiga gruppe på facebook, følg denne lenkja.

Det er Setesdal regionråd som eig prosjektet. Kontaktpersonar er:

Prosjektkoorinator: Ingvild Hovden, post@hovdenkontoret.no / tel 959 79 856

Fagleg ansvarleg/ arkitekt: Erick T. Allende, erick@tha-arkitekter.no / tel 920 83 477

 

KORT SKILDRING AV PROSJEKTET

Setesdal er sertifisert som berekraftig reisemål. Reiseliv og turisme er mellom die viktigaste næringsgreinene i dalen. Trendar viser etterspurnad etter spesielle overnattingsplassar som er ei oppleving i seg sjølv, og fokuset på miljøvennlege alternativ aukar. Setesdal har framleis eit stort potensial som ikkje er utløyst.

Konkret skal ein i dette forprosjektet teikne og prosjektere smarte overnattingseiningar eller hytter som gir lite klimaavtrykk. Aktørar som tømrarar og andre fagfolk, produsentar, arkitektar, ingeniørar, reiselivsaktørar og potensielle utbyggjarar skal involverast. Arkitektur, materialbruk (primært tre) og smarte løysingar blir sentralt. Så er håpet i neste omgang at nokon vil byggje slike hytter fleire plassar i Setesdal, gjerne med litt "spektakulær" men likevel skånsam plassering som over elva, i vasskanten eller i fjellsida.

I tillegg til konkret arbeid med hytter/ overnattingseiningar, er målet at prosjektet skal bidra til å auke fokus på og kompetanse om berekrafitge løysingar og miljøvennlege byggjeprosessar. Ein håpar å bidra til meir samskapingskultur mellom ulike aktørar, og lokal verdiskaping. Realisering av byggjeprosjekt vil også auke attraktivitet og merksmed for Setesdal som berekraftig reisemål.

Prosjektet er støtta av Kommunal- og moderniseringsdepartet gjennom programmet "Fjellsatsinga". Tema for programmet i 2017 er framtidas byggeløysingar. Med stikkord som lokale byggematerialar, estetikk, berekraft og klimavennligheit ønskjer ein prosjekt som rettar eit kreativt og innovativt fokus på utforminga av plassar og bygg i fjellområda.

Forprosjektet blir avslutta hausten 2018.

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS