Christine Koht til Setesdalskonferansen 2017

Fyrverkeriet Christine Koht kjem til Setesdalskonferansen 2017, og alt no bør du krysse av dagane 20. og 21. april for galskap, klokskap og humor på Revsnes hotell! Programkomiteen er stolte over å kapra Koht til konferansen rett over påske.

-Manageren til Koht fortel av røynsle at jenta lagar så eksepsjonelt god stemning at me må ha ekstra godt lydanlegg og spesialmikrofon for at folk skal høyre henne gjennom latterkulene! Dette lovar godt, og forventingane er store til ein av våre fremste kvinnelege programskaparar og programleiarar, seier Styrk Fjærtoft. Han gler seg til å oppleve Christine Koht i fri dressur.

Connie Barthold, Ørnulf Hasla, Signe Sollien Haugå og Styrk Fjærtoft i programkomiteen lovar ei blanding av fagleg påfyll, lokale heltar, ordskifte, inspirasjon og ikkje minst utdeling av den årvisse Setesdalsprisen på Revsnes hotell.

Meir informasjon om program, innleiarar og påmelding finn du fortløpande på nettsida til Setesdalskonferansen – http://setesdalskonferansen.no !

GLED DEG!

Christine Koht
Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS