Bøker og IPAD

Desentralisert deltidsstudium helsesøsterutdanning - Lindesnes, Lister og Setesdal

Helsesøstrer er ein viktig del sjukepleietenesta, og er særleg knytt til helsestasjons- og skulehelsetenesta. Mange har etterspurt utdanning med tanke på å kunne søke og gå inn i slike stillingar – og fleire har behov for formalkompetanse i jobben dei alt er i.
I samarbeid med Universitetet i Stavanger blir det no tilbod om desentralisert helsesøsterutdanning. Søkjarar i kommunane i Lindesnes-, Lister og Setesdalsregionen har prioritet ut frå at studiet kjem i gong med finansiering frå desse regionsamarbeida, men andre kan og søke utanom desse regionane. Minst ein studieplass er reservert søkjarar få kvar av dei 15 kommunane i desse regionane.

For å kunne bli teke opp må du ha*:

  • Fullført og bestått bachelor i sjukepleie eller tilsvarande

  • Ha norsk , offentleg godkjenning/autorisasjon som sjukepleiar

  • Ha minst 1 års fulltidsarbeid som sjukepleiar (deltid kan reknast om til heiltid.)

    * Komplette utfyllande reglar for lokalt opptakt blir lagt inn i opptaksprosessen.

Studiet blir tilbydd med 120 studiepoeng (master) –  Etter opptaket og i løpet av 2. semester kan du velje om du vil gå heile løpet eller berre ta dei nødvendige 75 studiepoenga for å få autorisasjon som helsesøster.

Studiet vil bli tilbydd dels som samlings- og dels  med nettbasert undervising. Ein vil etablere studentgrupper med ein studiestad i kvar av regionane, men søkjarane må og pårekne felles undervising ved ein desse studiestadane, t.d. Byremo vidaregåande, for noko av undervisinga, samt noko undervising ved Universitet i Stavanger.

Varighet: 3 år deltid master /avkorta løp

Studiepoeng: 120 / 75

Søknadsfrist: 15. april via lokalt opptak

 

Meir informasjon:  https://www.uis.no/studier/studietilbud/helse-og-sosialfag/master/helsesosterfag/

Eller kontakt; Marit Alstveit  på tlf: 51 83 41 81 eller  Gunn Tone Ask  på tlf: 51 83 41 78

 

Studiet blir tilbydd med støtte frå Sørlandets kompetansefond og Fylkesmannen i Agder.

 

Kompetansesenter Sør                               Lister kompetanse                         Setesdal regionråd

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS