Bøker og IPAD

Desentralisert sjukepleiarutdanning

Bachelor på fulltid, - i Setesdal

På nytt vert det tilbod om desentralisert fulltidsstudium i sjukepleie. Oppstart er hausten 2018.  

Ordinær søknadsfrist er 15.04.

Likar du å jobbe med menneske, med mange slags utfordringar og moglegheiter? Sjukepleiarar trengs i framtida.

Denne distriktsvenleg utdanninga hjå Universitetet i Agder gjev deg sjansen til å kunne ta ein bachelorgrad i sjukepleie, - i Setesdal. Regionrådet legg til rette for undervisningslokale og møteplassar, samt at me jobbar for å finne relevante praksisplassar i regionen.

Praktisk informasjon

Undervisningsopplegget er det same som på campus. Forelesingar blir streama og er tilgjengelege i 14 dagar etter. Det blir lagt opp til ein del gruppesamlingar i distrikta, ca 10 fyrste året og 7 det andre året. Det er også nokre samlingar på campus, ca 8 i året. Her trenar ein på praktiske ferdigheiter som veneflon og stell o.l.

Når det gjeld praksisplassar så er det slik at ein ikkje kan ha praksis dersom ein er tilsett eller har eit pasientforhold på staden.

Ein betalar kun ordinær semesteravgift som ligg på ca 650 kr pr semester. Søk lokalt opptak inne på lenka under.

Ved spørsmål om opptak eller andre typar spørsmål kan du ringe til Atle Slotnes på tlf 37 23 37 81, eller på e-post atle.slotnes@uia.no.

Les meir her: https://www.uia.no/studier/sykepleie3

 

 

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS