honningproduksjon

Det trengst meir honning i dette landet!

- Og det er rom for fleire bikuber og -røktarar i Setesdal! Er det noko for deg?

Samling med kveldsmøte på Revsnes 22. juni og synfaring dagen etter.

Det er behov for meir norskprodusert honning. Bier er gode og nødvendige til pollinering i frukt- og bærproduksjon i tillegg til at dei samlar honning. Det er plass til fleire bikubar i Setesdal – er dette noko for deg?

Torsdag 22. juni kl. 19.00 på Revsnes hotell kjem birøktar og styreleiar i Norges birøkterlag Marco Neven for å snakke om potensialet for birøkt i Setesdal.

Fredag 23. juni startar vi kl. 10.00 med synfaring i ein bigard for å snakke meir om bier og korleis det er mogeleg å få til ei bærekraftig næring. Program og besøk vil bli lagt opp på torsdag kveld etter påmeldte sine interesser. Turen er tenkt å vare fram til kl. 14.00. Påmelding fram til og med torsdag kveld 22. juni.

Velkomen til ei spanande samling!

Arr.: Setesdal regionråd i samarbeid med Otra birøkterlag og Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS