Villrein

Formidlingskurs knytta til villrein på Bjåen Fjellstove 18.juni

I våre område har me noko så unikt som Europas sørlegaste villreinstamme.

Reiselivsverksemder rundt Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiene inviterast til dagskurs om korleis ein kan bruke villreinrelaterte kulturminnar og tradisjonsstoff i produktutviklinga.

Sjå vedlagte invitasjon eller les saka.

 

Kurset har som mål å sette reiselivsverksemdene i betre stand til å bruke den lokale villreinhistoria som eit produkt i verksemda. Fokus er formidling av fagkunnskap og praktisk formidling av natur- og kulturopplevingar. Kurset er relevant for å skape nye reiselivsprodukt og for å utvikle eksisterande tilbod.

Kurset er gratis og arrangerast i regi av det regionale verdiskapingsprosjektet som er ein del av det nasjonale prosjektet "Villreinfjellet som verdiskapar".

Deltakande verksemder får høve til å søkeverdiskapingsprosjektet om økonomisk støtte til produktutvikling og marknadsføring av tilbod med innhald frå kurset. Nærmare opplysningar om støtteordninga blir gjevne på kurset.

Påmeldig sendast til Alf Odden på e-post: fmroaod@fylkesmannen.no.

Kurset har 20 plassar.

Spørsmål om kurset kan rettast til Alf Odden på tlf 48 04 45 83

Biletet i saka er teken av Bernd Gebert .

 

 

 

 

 

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS