helsesysterbilete UiS

Gladnyheiter - helsesysterutdanninga!

Mange lokale søkjarar og verdfull finansieringsstøtte frå fleire hald!

Då tilbodet om desentralisert helsesøsterutdanning vart lagt ut i vår var det fantastisk respons. Universitetet i Stavanger fekk inn 140 søkjarar til dei 26 studieplassane. Gjennom såkalla lokalt opptak vil mange søkjarar frå Lindesnes, Lister og Setedal og andre stader, få tilbod om plass på deltidsstudiet som startar no til hausten. Dette er langsiktig arbeid og investering i arbeidet med folkehelse i Agder - Det er og understøtta av dei som medverkar til å finansiere tilbodet. Vi har fått løyvingar til gjennomføringa frå Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder med kr. 500.000, Vest-Agder fylkeskommune med kr. 200.000 og Sparebank Sør stiftinga med 200.000 - og det er no ved oppstarten til 1.studieår!  Vi nyttar høvet til å seie tusen takk på alle kanalar! - Og gler oss til studiestart!

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS