A woman hand carrying a bunch of colorful shopping bags

Gratis gründerkurs våren 2018 , - Datoar klare for vårens kurs

Vil du starte eiga verksemd eller alt har starta opp?

Aust-Agder fylkeskommune arrangerer fleire gratiskurs i samarbeid med Setesdal regionråd. Her vil du få god fagleg innføring tilpassa deg som går og tenkjer på å starte eiga verksemd eller allereie er i gang. Meld deg på kursa som no blir tilbydde - sjå info lenger ned på sida. Påmelding til kursa gjer du via denne linken:  http://austagderfk.no/grunderkurs og deretter trykke på link som opnar kurskalenderen der du sjølv melder deg på dei kursa  du ønskjer å vere med på.

Spørsmål - kontakt: Nils Langerød, e-post: nils.langerod@austagderfk.no, mobil: 91526410

 

Introduksjonskurs Smart Start

Kurset inneheld praktisk orientering om bedriftsetablering, forretningsplanlegging samt informasjon om aktørar i det lokale virkemiddelapparatet som arbeider med tilrettelegging, veiledning og støtte til deg som nyetablerer.

21.mars

17:00-21:00

Bygland, kommunestyresalen

 

Bedriftsøkonomi og reknskap, del 1-3

Kurset vil gi deg en introduksjon til dei viktigaste lovene og reglane knytt til etablering og drift av  ny verksemd. Gjennom praktiske eksempel vil vi ta opp tema som val av selskapsform, skatt, bilagshandtering, reknskap, budsjett, likviditetsstyring.

12, 17 og 19. april

18:00-21:00

Byglandsfjord, Revsnes Hotel

 

 

 

Jusskurs for gründerar del 1-2

Praktiske føredrag over spelereglane i næringslivet med eksempel frå verkelegheita - særleg i forhold til ulike aktørar; før ein starter eiga næring, når ein set i gong og når ein er i full drift.

13 og 15 mars

18:00-21:00

Sølvgarden Hotell og Feriesenter

 

Web og sosiale medium som marknadskanal, del 1-3

Kurset gir en orientering om moglegheiter for bruk av web og sosiale medier til sal og marknadsføring av produkt og tenester. Digital marknadsforståing, web og sosiale medier samt forståing av teknologi er tre hovudpilarer for dette kurset. 

6 og 7 april

18:00-21:00 og 9:00-15:00

Bykle Hotell, Bykle

 

 

 

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS