Hytte B

Informasjonsmøte Berekraftig byggeri 24. januar

Me inviterer til ope informasjons- og innspelsmøte om prosjektet "Berekraftig byggeri i Setesdal" på Sølvgarden Hotell onsdag 24. januar kl. 18:30.

På dette møtet vil me informere om status i prosjektet, og opne for innspel frå deltakarar. Send gjerne ein e-post (post@hovdenkontoret.no) eller registrer deg på facebookhending om du veit at du kjem, så me veit kor mange kaffekoppar som trengs :) Elles er det og mogleg å kome uanmeldt. På møtet blir det:

  • Presentasjon frå studietur til Østerrike og Sveits 12. - 15. november
  • Presentasjon av marknadsdata som er samla inn i prosjektet
  • Presentasjon av innspel til utforming av utleigehytter
  • Presentasjon av utkast til hytteteikningar, og arkitekt Erick T. Allende sine tankar om vidare arbeid
  • Innspel frå møtedeltakarar

Sjå eventuelt litt meir informasjon her.

Følg gjerne facebookgruppa for prosjektet, der alle kan dele informasjon og inspirasjon.

VELKOMEN!

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS