Du er her: Hjem > Infrastruktur
Regionrådslogo

Infrastruktur

Moderne infrastruktur er ein del av merkevara Setesdal. Gode kommunikasjonsløysingar, fysisk og digital infrastruktur bind Setesdalskommunane saman med kvarandre og resten av Agder. Trygg ferdsle og framkome er ein føresetnad for regional utvikling . Auka tilgjenge og mobilitet er viktig i høve utvikling av felles bu-, arbeids og servicemarknad. Det er og viktig for å vere eit attraktivt reisemål og reiserute, og å vere eit aktivum i høve ferie- og fritid og rekreasjon for heile landsdelen.

Riksveg 9 er over mange år løfta fram som det fremste og viktigaste tiltaket for Regionrådet. Vi arbeider for å få gul midt-stripe til Hovden innan 2023.

Regionrådet er og pådrivar i høve utviklingsarbeid og etablering av felles infrastruktur og bruk av ny teknologi og effektuttak. prosjektsatsingar, utvikling av nye interkommunale samarbeid og tenester- som t.d. e-helse, og ladestasjonar for el-bilar.

Setesdal IKT tek hand m.a hand om drifta av felles trådlause IP soner på lokalsjonar ved tettstader og attraksjonar langs Rv 9 i samarbeid med Visit Setesdal og Regionrådet.

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS