Gode kommunikasjonsløysingar, fysisk og digital infrastruktur bind Setesdalskommunane saman med kvarandre og resten av Agder.

Trygg ferdsle og framkome er ein føresetnad for regional utvikling .

Auka tilgjenge og mobilitet er viktig i høve utvikling av felles bu-, arbeids og servicemarknad.

Det er og viktig for å vere eit attraktivt reisemål og reiserute, og å vere eit aktivum i høve ferie- og fritid og rekreasjon for heile landsdelen.

V har også jobba for, og fått realisert eit godt nett av ladestasjonar for elbilar i Setesdal.