Barn og geit

Inn på Tunet-samling på KVS Bygland fredag 16.mars kl 10-14

Setesdal regionråd, Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, og i samarbeid med Inn på Tunet inviterar til Inn på Tunet-samling på KVS Bygland fredag 16.mars.

Dagen er open for alle som vil høyre meir om ordninga, - og rettar seg mot tilbydarar, kjøparar og brukarar. Inn på Tunet handlar om å tilby velferdstenester på gardsbruk, retta mot skule og opplæring, helsearbeid, rehabilitering, integrering og mykje meir.

Inn på Tunet (IPT) er tilpassa og kvalitetssikra tenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. På samlinga får du høyre meir om ordninga og moglegheiter for oss i Setesdal, både for gardbrukarar, kjøparar og brukarar.

* Oppvekts og opplæring

* Arbeid; arbeidstrening og rehabilitering

* Helse; psykisk helse, demente, rus m.m

* Integrering av flyktningar og innvandrarar

* Kriminalomsorg

Programmet er frå kl 10-14, er gratis og inkluderar lunsj.

Påmelding til : sorlandet@innpatunet.no innan mandag 12.mars.

Vel møtt!

 

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS