Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Interkommunale selskap IKS

Kommunane har vald å skipe eigne selskap for å løyse einskilde lovpålagde oppgåver og for å yte tenester innafor område der det er rekningssvarande og strategisk å løyse desse i fellesskap. Verksemdene er oppretta i medhald av lov om interkommunale selskap. Verksemdene er eigne rett-subjekt.  Gjennom eigarhandboka er det nedfelt rutinar og prinsipp for eigardialogen og styringa av desse. Desse er forankra både i kommunestyra og representantskapa. Styret i Regionrådet er representantskap – med tillegg av representantar frå andre eigarar. Regionrådet har koordinerande ansvar som eigarsekretariat og organisering av generalforsamlingar/eigardialog og formidling av felles styringssignal.

Kommunane i Setesdal er og medeigarar i andre viktige interkommunale selskap med fleire kommunar i Aust- Agder - som Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder IKS og Aust-Agder kulturhistoriske senter IKS.

Sjå og http://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-01-29-6