CBR003874

Jusskurs på Sølvgarden

Tysdag 13. og torsdag 15. mars kl 18-21

Gratis jusskurs for grunderar og andre, over to kveldar på Sølvgarden Hotell og feriesenter.

Påmelding: https://www.austagderfk.no/tjenester/naringsutvikling/grunderkurs/jusskurs/

Innføring i spelereglane innan næring: før ein startar opp, etablering og full drift. Kurset tek for seg ulike høve innan t.d arbeidsrett, tvisteløysing, ansvar, kjøpslov, konkurrenter, tilsette og meir. Kurset er praktisk retta og inneheld fleire døme frå verkelegheita.

Kurshaldar er  advokat Per-Jakob Haakstad.

Les meir på: https://www.austagderfk.no/tjenester/naringsutvikling/grunderkurs/jusskurs/

Det er mangt å mykje å sette seg inn når ein tek sikte på å skape sin eigen arbeidsplass. Reiknskap, rapporteringar, avtalerett, myndigheiter, kundar, revisjon osb. Lista er lang. Kurset gjev ei innføring i sentrale speleragelar i næringslivet, med fokus på ulike rollar og aktørar.

Kurset vil også passe for folk som allereie driv verksemd, men som treng fagleg påfyll.

Ved å delta på dette kurset kan du på ein enkel måte få oversyn over grunnleggjande juss i næringslivet, -slik at du unngjeng vanlege fallgruver.

 

Kurshaldaren er ein erfaren advokat med mykje erfaring som undervisar, mellom anna på UIA og på BI.

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS