Du er her: Hjem > Kompetanse
hardware2

Kompetanse

Kompetanse er eit gjennomgåande  tema og strategi  for dei tre virkeområda våre; næring, interkommunalt samarbeid eller infrastruktur. Vi tilbyr  kompetansetiltak i samarbeid med lokale aktørar, og har eit  utstrekt samarbeid med andre regionar, og kompetanseaktørar – ikkje minst Setesdal vidaregåande skule for å tilby kurs og utdanningar i vår region. Regionrådet har og avtale som gir innbyggjarane  tilgang til digitale studietilbod over heile landet.

Kompetansetiltaka spenner frå fleirårige profesjonsutdanningar – såkalla distriktsvennlege studium som sjukepleiar, og etter- og vidareutdanningstilbod på universitetsnivå til kortkurs t.d. etter innspel og ønskje frå næringslivet.  Setesdalskonferansen og  kvinnenettverket  er viktige arenaer for kompetanseutveksling.

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS