Kompetansetiltak

Kompetansetiltaka spenner frå fleirårige profesjonsutdanningar – såkalla distriktsvennlege studium som sjukepleiar, og etter- og vidareutdanningstilbod på universitetsnivå til kortkurs t.d. etter innspel og ønskje frå næringslivet. Vi samarbeider med Universitetet I Agder, Lister Kompetanse, Kompetansesenter Sør og fleire andre for å få til skreddarsydde opplegg.

I tillegg tilbyr vi ymse gratis kortkurs innan reiknskap, oppstart av verksemd, marknadsføring og liknande. Desse blir annonsert fortløpande.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller innspel.

Studiesenteret

Vi har ein avtale med studiesenteret.  Studiesenteret tilbyr ein rekke kortare og lengre kurs, som du kan følge ved vårt lokale studiesenter på Setesdal vidaraegåande skule, avdeling Hornnes. Ta ein titt på nettsida til studiesenteret og sjå tilbodet!

Logo studiesenteret

Lærlingeordning

Setesdal regionråd har ei eiga støtteordning for veksemder som tek imot lærlingar. Spesielt for små verksemder kan det vere utfordande å ta inn lærlingar. Samstundes er det vikig å sikre rekruttering og ein veg inn i arbeidslivet utanom skulebenken. Det er vikitg at me i Setesdal har tilbod til lærlingar, både i arbeidet for rekruttering til arbeidslivet men også i arbeidet for å rekruttere fleire tilflyttarar.

Treff di verksemd i høve eitt eller fleire av desse kriteria:

• Rekrutteringsbehov ?

• Gjeld fagområde der det tek tid før lærlingen blir «inntektsbringande» for verksemda – t.d. mindre handverksfag ?

• Mindre verksemd med avgrensa kapasitet/økonomi til å drive opplæring ?

• Ei type verksemd der det er særleg utfordrande å halde på læringar etter opplæringstida ?

• Verksemda er ev. open for å samarbeide med fleire fordi det er vanskeleg å dekke heile læreplanen for ein lærling åleine - og ev må ha samarbeid og opplæringsavtaler med andre verksemder for å dekke kompetansemåla ?

For å bli godkjent som lærebedrift og kome innunder dei vanlege finansieringsordningane for å ta imot lærlingar tek ein kontakt med Opplæringskontoret i fylket som samordnar inntak/formidling og opptak av lærlingar, utvikling av læreplan, og bistår i høve lærling-kontrakt mellom lærling og verksemd, fagprøve mv.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål om ordninga.