I Aust-Agder har dei ti kommunane med rett til konsesjonskraft saman med fylkeskommunen skipa eit interkommunalt selskap.

Samarbeidet gjennom Konsesjonskraftfondet (KAA) starta i 1984 og er eit eineståande samarbeid i norsk samanheng. KAA syter for at krafta vert omsett i marknaden og prissikra i samsvar med den fastsette risikostrategien.

Vi byggjer kompetanse lokalt og arbeider for å trygge konsesjonskraftordninga samstundes som vi skal sikre eigarane gode og påreknelege inntekter av krafta.

Desse inntektene er viktige for både den kommunale velferdsproduksjonen og for utvikling av infrastruktur og næringsliv i regionen.

Ved hjelp av denne sida kan du finne ut meir om konsesjonskraftordninga, kraftmarknaden og litt om korleis inntektene har ført til vekst og utvikling.

Lei meir på Konsesjonskraftfondet si heimeside: http://www.kaaiks.no/