Berekraftig byggeri - hyttemodellar lansert

Det var godt oppmøte då modellane for utleigehytter som Erick T. Allende har teikna for prosjektet blei presentert på Sølvgarden 20. juni.

39 frammøtte deltakarar fekk med seg presentasjonane denne kvelden, der agendaen var:

  • Oppsummering av marknadsrapport og spørjeundersøking gjennomført i prosjektet
  • Trendar i reiselivet - berekraft som konkurransefaktor v/ Anne Britt Bjørdal frå Innovasjon Norge
  • Presentasjon av hyttemodellane som er utvikla for prosjektet v/ arkitekt Erick T. Allende
  • Oppsummering etter møte med Miljøvernavdelinga og kommunane angåande arealplan og byggjereglar

NRK Sørlandet var til stades, og sende direkte frå møtet på TV-sendinga kl. 18:50. De kan sjå innslaget her.

Presentasjonar frå møtet og fleire illustrasjonar av hyttene finn de under "Tilknytta element" på sida for prosjektet.

HytteA_vinter.jpg

Hytte_9 - Photo.jpg

DSC_0108.jpg

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS