Joker Bygland

Miljøsertifisere verksemda?

Setesdal Regionråd støttar Miljøfyrtårn-sertifisering

Ordførar i Bygland, Leiv Rygg Langerak overleverar diplom frå Miljøfyrtårn til Joker Bygland.

Setesdal Regionråd støttar verksemder i Setesdal som vil miljøsertifiserast. I samarbeid med stiftinga Miljøfyrtårn riggar me eit opplegg med konsulent og sertifisør, der kvar verksemd som deltek får dekka 50% av direkte kostnadar.

Marknaden vil i aukande grad vil etterspørre miljøfokus,- både nasjonalt og internasjonalt. Miljøsertifiseringa syner at verksemda tek miljøet på alvor,- at ein tek ansvar for å sikre ein berekraftig bruk av ressursane. Miljøsertifisering vil også i enda sterkare grad bli eit krav om ein skal levere varar og tenester til det offentlege.

Miljøfyrtårn-sertifisering handlar om å ha interne rutinar på klimagassutslepp, forbruk, avfallshandtering, hms og sjukefråver, energiforbruk og liknande,- og handlar om å strekke seg etter å bli betre på desse områda.

Verksemder som er sertifiserte meldar om forbetra resultat,- mindre sjukefråver, auka kontroll på energibruk,- auka fokus på miljø og berekraft.

Under sertifisering blir ein fulgt opp av ein konsulent, og dei fleste ting ordnast på internett via skype o.l.

5 verksemder blei sertifiserte gjennom denne ordninga i 2018: Dølen Hotel, Troll Aktiv, Landeskogen Peace Center, Elgtun og Joker Bygland.

Ta kontakt med rådgjevar Runar Granheim i Setesdal regionråd om du ynskjer å få verksemda di sertifisert eller ynskjer meir informasjon,

 E-post:  runar.granheim@setesdal.no, eller telefon: 48203664.

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS