Syltetøy

Ny giv for frukt- og bær i Setesdal

Velkomen til frukt- og bær kveld 14. juni kl. 17.00 på Longerak

Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder og Setesdal regionråd arrangerer frukt- og bær kveld 14. juni kl. 17.00 på Longerak. Vi starter kvelden med vandring i eplehagen hos Sigrid Nersten Lunden.  Etter markvandring samlast vi i grendehuset for kaffi og noko å bite i. Der vil Per Try frå Søgne fortelje om sine erfaringar som epleprodusent.

Vi avsluttar kvelden med ein open programpost der vi samtalar om moglegheiter og korleis vi kan utvikle frukt og bær satsing i Setesdal. Ole Magne Omdal vil lede oss gjennom kvelden.

Vi ynskjer å kome i kontakt med alle dykk som driver eller de som har planar om å etablere frukt- eller bærproduksjon.

Møt difor opp til ein hyggeleg frukt- og bærkveld på Longerak.

For meir informasjon kan de kontakt med; Ole Magne Omdal på fmavomo@fylkesmannen.no, eller
telefon: 38 17 61 99 – mobil 909 28 841

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS