Ny medarbeidar i Setesdal Regionråd

Nye taktar regionrådet

Setesdal Regionråd har tilsett ein ny medarbeidar. Runar Granheim byrja i stillinga no på nyåret. Arbeidsoppgåvene i regionrådet er mange og varierte, og no kan ein auke kapasiteten.

 

Runar Granheim er utdanna musikkvitar og økonom. Han bur i Åraksbø med familien, har jobba som lærar i fleire år, og er no klar for nye oppgåver.

"Å få jobbe i Setesdal regionråd er noko av det mest spanande eg kan tenke meg; eg gler meg til å ta fatt", seier Runar Granheim.

Granheim har også fulgt ungdomsprosjektet Setesdal Grûnder og Samfunnsutvikling sidan hausten i fjor, og som fortset også i år. "Det blir moro å fylgje dette vidare, ungdommane i prosjektet har mykje på gong. Ungdomsråd, entreprenørskap på skulane, ei businessgruppe som har fått til mykje og allereie har bidrege til at fleire unge no skapar sin eigen arbeidsplass i Setesdal. I tillegg er prosjektet retta mot unga vaksne, - opp til 30-åra; der det gjeng ut på å marknadsføre Setesdal som ein attraktiv stad å etablere seg for familiar og andre. Dei har oppretta ein eigen Landlivskontakt; ein mentor for nyinnflyttarar mtp ledige hus, tomter, småbruk, jobbar og ymse ein kunne trenge av råd og tips om ein vil flytte til Setesdal", fortel Runar Granheim.

I tillegg til å fylgje ungdomsprosjektet får Runar oppgåver innan sakshandsaming, og oppfølging av ymse saker innan næring og kompetansetilbod, og ikkje minst blir han kommunikasjonsansvarleg på diverse sosiale medium.

Me ynskjer Runar velkommen til gards, - og lukke til i arbeidet framover!

 

Runar Granheim på kontoret
Runar Granheim på kontoret i Setesdal Regionråd
Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS