Ole Birger

Ole Birger Lien - ny medarbeidar i Regionrådet

Lien har lang fartstid som journalist i Setesdølen og kjenner både det offentlege, næringslivet og dalen særs godt.

Eg har tru på landlivet og Setesdal, seier Lien – som og ser fram til å bidra til dynamikk, vekst og utvikling. Han trivst i ein hektisk kvardag med ulike prosjekt og driftsoppgåver.  Lien vil gå inn i heile breidda av arbeidsområde – I tillegg ser vi fram til å få forsterka informasjons- og kommunikasjonsarbeidet vårt med han. Vidare har han kunnskap gjennom utdanninga, master i offentleg administrasjon, som vil kome godt med i vidareutvikling av regionen og Regionrådet framover, seier dagleg leiar Signe Sollien Haugå. Han tek til i stillinga 1.juni 2017.

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS