Vi har ein periode oppdatert både gamal og ny nettside. Det er ressurskrevande å halde på med i lengda, så no seier vi takk og farvel til den gamle og legg ut den nye.

Sider og artikler som ikkje er ferdige enno er merka med "innhald kjem". 

Ein god del av informasjonen som låg på den gamle nettsida er vidareførd. I tillegg har vi no lagt inn ein del etterspurd informasjon. Medieovervåking prøver vi også ut, men her er resultata førebels noe variable.

Vi også lagt ut den nye innsynsløysninga vår, slik at du no kan finne både postliste og utvalsoversikt. Det gjenstår nokre mindre, tekniske justeringar på innsynsløysinga men i løpet av kort tid skal alt vere i orden. Merk at innhald i innsynsløysinga ikkje gjeng tilbake i tid. Meir informasjon om innsyn finn du under menypunktet "Innsyn".

Nettsida er no tilpassa dei som vitjar nettsida vår ved bruk av nettbrett og mobil, men merk at innsynsløysinga ikkje er spesielt tilpassa bruk av alle typar digitale flater.

Skulle det vere noko du saknar frå den gamle nettsida eller har andre kommentarar til nettsida, må du gjerne ta kontakt med meg!