Setesdalsprisen 2017 ©STYRK FJÆRTOFT

Setesdal hyllar HASLA

Setesdalsprisen 2017 til Grete og Ørnulf

HASLA ved Grete Fossen og Ørnulf Hasla er årets vinnarar av Setesdalsprisen! I jurygrunngjevinga heiter det blant anna: «Verksemda er eit fyrtårn for næringslivet i Setesdal med sitt fokus på godt handverk og tradisjonsbering, trendar og innovasjonskultur! ... Grete og Ørnulf er i tillegg rause menneskje i samfunnsliv og lokalmiljø.»

Prisen som skal stimulere og inspirere til nyskaping og vidareutvikling av næringslivet i Setesdal, blei dela ut for åttande gong under Setesdalskonferansen på Revsnes hotell 20. - 21. april 2017!

Det var regionalsjef Kirsten Borge som hadde æra av å dele ut Setesdalsprisen til Hasla på Setesalskonferansen 2017 - den best besøkte i historia med godt over 100 deltakarar!

Årets jury var sett saman av ordførarane Jon Rolf Næss, Steinar Kyrvestad, Leiv Rygg og Bjørn Ropstad, lokalt tiltaksapparat ved Connie Barthold, Innovasjon Norge ved Anne Britt Bjørdal og Aust-Agder fylkeskommune ved regionalsjef Kirsten Borge.

 

JURYEN SEIER

Her er grunngjevinga til juryen:

«Hasla ved Grete Fossen og Ørnulf Hasla blir tildelt Setesdalsprisen 2017 for fortenestefull innsats i ei årrekkje.

Dei har etablert ei solid verksemd i Valle med filial i Oslo. Med marknad og impulsar til eit ungt og internasjonalt kundesegment i byen, blir nye kommersielle produksjonar skapt lokalt i lag med eigne og andre designarar.

Hasla er ein arbeidsplass med vekt på arbeidsmiljø og involvering av dei tilsette heilt inn på eigarsida.

Verksemda er eit fyrtårn for næringslivet i Setesdal med sitt fokus på godt handverk og tradisjonsbering, trendar og innovasjonskultur!

Dei har i ei årrekkje arbeidd langsiktig med rekruttering og å halde faget i hevd og teke opplæringsansvar som læreverksemd for 61 lærlingar!

Firmaet med døtrene i førarsetet har blitt ein spydspiss i marknadsføring gjennom sosiale media. Dei er og iferd med å innta moteverda med smykka sine - med internasjonal omtale i fleire magasin og deltaking på viktige messer i inn- og utland.

Verksemda har over tid utmerka seg som nyskapande og inspirerande i høve sin bransje og for næringslivet ikkje berre i heile Setesdal og på Sørlandet - men også nasjonalt og internasjonalt.

Grete og Ørnulf er i tillegg rause menneskje i samfunnsliv og lokalmiljø.  Båe, kvar for seg og ilag, er  dei drivkrefter i lokale lag og næringsforeiningar. Dei målber samarbeid og fellesskapstenking i reiselivet, og ikkje minst er dei nestorar og mentorar for nye etablerarar i dalen.»

Setesdal Regionråd ynskjer Hasla, Grete og Ørnulf til lukke som verdige vinnarar av Setesdalsprisen 2017!

 

RAUS KOTH

Setesdalskonferansen 2017 hadde elles høgdepunkt som RAUS ROS frå Christine Koth (som også var raus med puppeklemmar), ein uhyre inspirerande Ingvard Wilhelmsen og supergründer Andreas Lindhom. Blant anna! For ikkje å gløyme stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen som blei heidra med ein sylvsmidd kopi av Langeidsverdet for innsatsen som pådrivar for Rikseveg 9.

 

Sjå www.setesdalskonferansen.no for bilde og foredrag!

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS