Setesdal på Grüne Woche

Setesdal til stades på grüne woche

Også i år er Setesdal representert på ei av verdas største messer for mat og landbruksbasera produkt. Messa er ein ypparleg arena for å syne fram norsk matkultur og opplevingar innan reiseliv.

Mie Sibbesen frå Fjellgarden Hovden og Torfinn Rysstad frå Sølvgarden m/fl er i Berlin denne veka for å syne fram noko av det Setesdal har å by på av matkultur og reiselivsopplevingar knytta til dette. Dei er ein del av Fjellregionen med fleire aktørar frå Noreg. Fylkesmannen og  Aust-Agder Fylkeskommunen støttar opp om dette arbeidet.

Grune Woche har utstillarar frå 66 land, over 400.000 besøkande, 5000 journalistar og er også ein viktig møteplass for innkjøparar og politikarar.

Me heiar på dei dyktige representantane våre, som bidreg til å gjere Setesdal meir kjent og atraktiv i den store verda!

 

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS