Setesdalskonferansen_20180412_0089 © STYRK FJÆRTOFT

Setesdalsprisen 2018 til Helga Arntzen

Helga Arntzen (75) er årets vinnar av Setesdalsprisen! -Helga har ustoppeleg gjennomføringskraft og ungdommeleg pågangsmot, sa Innovasjon Norges Sveinung Hovstad under prisutdelinga på Setesdalskonferansen.

Helga Arntzen er tildela Setesdalsprisen 2018 som ein honnør for sin innsats og for alt ho har vore og er for Setesdal! -Prismottakaren er eit førebilete i handlekraft og evne til å investere langsiktig ut i frå tru på sitt verdigrunnlag og visjonar, sa Innovasjon Norge Agder-direktør Sveinung Hovstad då han dela ut prisen under Setesdalskonferansen på Hovden! Han sa vidare at "Ho gjer alt som står i vedkomande si makt for å lukkast og for å gjere sin del 24-7-365 i lag med sitt apparat."

Prisen på 10 000 kroner og diplom kom tydeleg som ei stor overrasking på vinnaren som hausta solid applaus og begeistring under festmiddagen på Setesdalskonferansen på Hovden. På toppen av det heile kunne prisutdelar Sveinung Hovstad røpe at Innovasjon Norge løyver éin million kroner til spa-satsinga ved Revsnes hotell på Byglandsfjord. Helga Arntzen stråla som ei sol over bidraget til den lokale investeringa på totalt 8 millionar kroner!

Helga Arntzen er dagleg leiar og styreleiar i Landeskogen Peace Center i Grendi, og stiftar/dagleg leiar i Aktive Fredsreiser i Risør. Sidan 1992 har meir enn 150 000 norske ungdomar delteke på fredsreisene som ho starta gjennom Kvite bussar og sidan Aktive fredsreiser. Kjerneverksemda blir drive som ideelt aksjeselskap, altså tek dei ikkje ut utbytte. Overskot blir nytta til ulike utviklingsprosjekt og utvikling av verksemder.

Helga Arntzen kom til Setesdal i 2010. Ho tok over Landeskogen for ei krone, og har sidan overtakinga lagt store ressursar i  å restaurere og skape nytt i den gamle sanatoriebygningen. Målet med Landeskogen er å opprette et møte- og konferansesenter for miljø, utvikling og fredsspørsmål - der storpolitikk møter folkeleg engasjement. Ungdom frå Norge, Tyskland og andre land skal møtas og forstå at dei kan være med på å skape fred og bygge ned fordomar ved hjelp av eigen innsats. I tillegg har ho lagt til rette for og investert i etableringa av Elgtun - ein attraksjon i sterk vekst.

Revsnes hotell kjøpte ho for å sjå drift i samanheng og for å ha eit breiare overnattingstilbod tilgjengeleg. Store ressursar er lagt inn for å ruste opp hotellet og trygge og utvikle drifta.

Helga Arntzens livsverk og virke - så langt - er anerkjent gjennom blant anna Kongens Forteneste-medalje i gull i 2006 og Forbundsrepublikken Tysklands fortenesteorden i 2011. Helga vart og kåra til «Årets Ladejarl» i 2012.

Regionrådet ynskjer Helga Arntzen til lukke med Setesdalsprisen og alt godt for satsingane vidare under mottoet hennar: "Viljen til å ville - skaper evnen til å kunne."

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS