Setpro AS er ein attføringsverksemd eigd av kommunane Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Føretaket er lokalisert på Evje i Evje og Hornnes kommune, med underavdeling i Valle. Selskapet Setpro AS vart etablert i 1990, den gongen som eit produksjonsverkstad. Fram til 1999 var føretaket eit produksjonsverksted som skulle gje tilbod til uførepensjonistar.
I 1999 fekk føretaket arbeidsmarkedstiltaket AP sine (arbeidspraksis i skjerma verksemd). Tiltaket skal drive kartlegging og avklaring av yrkeshemmede. Tiltaket blir gjennomført etter dei til kvar tid gjeldande kravspesifikasjoner som gjeld for tiltaket. Frå 1.1.2006 fekk føretaket base for Arbeid med Bistand, dvs to tilrettelegg som skal skaffe og oppretthalde eit arbeidsforhold for yrkeshemmede.
Som attføringsverksemd tilbyr dei arbeidstrening innanfor følgjande fagfelt: trebearbeiding, vaskeri, montering/pakking og gartneri.

 

Les meir på Setpro si heimeside: http://www.setpro.no