Bærekraftig reisemål endeleg

Visit Setesdal inviterer til informasjons/innspelsmøter

Visit Setesdal er fellesorganisasjonen for reiselivet og turisme i Setesdal. Visit Setesdal har i dei siste årea mellom anna sørga for at Setesdal er blitt sertifisert som eit Bærekraftig Reisemål – som ein av 8 destinasjoner i Noreg.

Agenda:

Arbeidet med å utvikle Setesdal som ein attraktiv region å besøke er ein kontinuerleg prosess. Visit Setesdal vil derfor invitere alle som har synspunkt og meiningar om korleis vi skal utvikle Setesdal vidare som turistdestinasjon til informasjon/innspelsmøte.

Tema på møta vil vere:

  • Visit Setesdal
  • Visit Norway/Setesdal.com
  • Berekraftig reisemål

Møte i Valle tysdag 18. april kl. 10:00 - 11:30 i kommunestyresalen              HER kan du melde frå at du kjem på møtet.

Møte på Evje onsdag 19. april kl. 10:00 - 11:30 på Hotell Dølen                    HER kan du melde frå at du kjem på møtet.

Møte på Hovden tysdag 2. mai kl. 10:00 - 11:30 på Hovdetun                       HER kan du melde frå at du kjem på møtet.

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS