
VOX - basiskompetanse for arbeidslivet
VOX er vaksenopplæringsetaten under Kunnskapsdepartementet. Dei finansierer kompetansetiltak retta mot vaksne arbeidstakarar.
Undervisingstilboda kan gå på styrking av basisferdigheiter t.d. innafor lesing, skriving, kvardagsmatematikk og data/IKT. Både private og offentlege verksemder kan delta.
Vi legg til rette med motivasjon, kartleggingar og skreddarsydde undervisingsopplegg alt etter kva verksemda treng for å utvikle seg vidare. Fleire både små og større verksemder har gjennomført tilbod for tilsette. Deltakarar til no har meldt om stor nytte av tilbodet.
Setesdal regionråd koordinerer tilboda – medan Setesdal vidaregåande skule er den aktive kompetanseleverandøren. Ordninga blir lyst ut med jamne mellomrom.
Les meir om tilbodet på VOX sine heimesider: http://www.vox.no/