1001[3]

Bygningsarven - gamle hus til glede og anna....

Fagdag for eigarar av gamle hus, handverkarar, sakshandsamarar osb 12.mai 2015

Setesdal har ei stor mengd gamle hus til glede (og sikkert anna). Mange lurer på korleis dei skal kunne take vare på og bruke dei på ein tidsmessig måte framover.
Det finst nokre handverkarar med spisskompetanse – det finst støtteordningar – og det finst eit «apparat» av rådgjevarar i kommunar og i Bygningsvernsenteret som kan hjelpe til på «søknadsløypa» og gjere den så enkel som mogleg og nødvendig.


Regionrådet , Bygningsvernsenteret, Aust-Agder fylkeskommune og Norsk kulturminnefond inviterer til fagdag/ møte og synfaring 12. mai.

Dette blir ein fagdag med fokus på alle typar gamle bygningar, fokus på lokal byggjeskikk, restaurering og bruk, tilskottsordningar og korleis ein kan fremje enkle og gode søknader hit og dit!

Fagdagen er meint å vere veldig prakisnær og ta utgangspunkt i både gode døme og konkrete objekt og gjerne saker som eigarar måtte ha med seg som døme til drøfting. Vi ønskjer og idear og innspel til kva som ev må til av ordningar tiltak for å styrke bygningsvernet i breidda – gjennom private eigarar i samspel med det offentlege apparatet i Setesdal

Målgrupper er: private eigarar av gamle hus og bygingar, handverkarar, sakshandsamarar i kommunane og i bygningsvern-apparatet, og andre interesserte i bygingsvern`verda!

Nærare informasjon om program, påmelding mv. kjem snart. - Til dess hald av datoen.
Tips en venn Skriv ut