Aktuelt
Oppgradering av nettsida
Vi har i dag publisert ein oppgradert nettside. Alt innhald er ikkje klart, men i løpet av kort tid vil det meste vere på plass.
Ny nettside lansert
I samband med prosjektet "Tre i Setesdal" er det i dag publisert ei ny nettside. Her er trenæringa i Setesdal og Åseral presentert, ein kan melde seg på konferansen som blir arrangert 15. januar og ein finn generell informasjon om bruk av tre som byggjemateriale og om utdanningsmoglegheiter innan trebransjen - for å nemne noko.
Setesdal regionråd/Setesdal IPR
Ein periode fremover vil både nemninga Setesdal regionråd og Setesdal IPR (Setesdal interkommunalt politisk råd) bli nytta i logoer, brev og tekst.
Støtte for verksemder som tek imot lærling
Setesdal IPR har ei eiga støtteordning for veksemder som tek imot lærlingar. Spesielt for små verksemder kan det vere utfordande å ta inn lærlingar. Samstundes er det vikig å sikre rekruttering og ein veg inn i arbeidslivet utanom skulebenken. Det er vikitg at me i Setesdal har tilbod til lærlingar, både i arbeidet for rekruttering til arbeidslivet men også i arbeidet for å rekruttere fleire tilflyttarar.
Regionalt næringsfond
Bur du i Bykle, Valle, Bygland, Åseral eller Evje og Hornnes og ynskjer å etablere din eigen arbeidsplass? Eller har du allereie etablert og driv verksemd her som du ynksjer å vidareutvikle? Regionalt næringsfond kan kanskje hjelpe deg litt på vegen.