Setesdal "ÅHOI"- Setesdal Regionråd får 1,8 millionar til entreprenørskap med unge i førarsetet!

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit eige program der dei deler ut midlar til verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda.  Blant over 30 søkjarar og av ein pott på 10 mill. vart Setesdal tildelt 1,8 mill. – resten gjekk til 9 andre prosjekt. Ordninga er distribuert via Oppland fylkeskommune, og prosjektleiar Ola Idar Løkken ,  hadde innstilt på løyvingar til søknader som omhandla entreprenørskap der ungdom blir involvert,  eller har fokus på ungdom.  I tillegg la dei vekt på potensiale for verdiskaping og moglegheiter for varig næringsutvikling.

Setesdalsprosjektet skal:

  • introdusere, motivere og mobilisere yngre folk til å ta del i samfunns- og næringsutviklinga
  • skape fundament og regionalt nettverk/arenaer for kreativitet og fornying
  • kople eksterne kompetansemiljø og lokale ressurspersonar /grupper for gjennomføring av tiltak.
  • Bringe nye impulsar og medverke til at det blir skapt aktivitetar som appellerer til fleire og yngre
  • Vekke heimkjensle,  lyst og tru på å skape og bu i Setesdal framover.

 

«Det vi ønskjer oss  - og treng - er fleire unge med kraft til å skape både eigne arbeidsplassar, og å ta del i å fornye og vidareutvikle offentlege og private verksemder og slik vere med å prege, ta del i og gi ny giv i lokalsamfunna. - Dette kan og vere ein god måte å aktivt legge til rette  for spennande generasjonsskifta framover» – seier styreleiar Jon Rolf Næss.

«Setesdal er eit aktivum for landsdelen med naturgjevne føresetnader og ressursar – både innafor kraft og energi, innafor reiseliv og ikkje minst innafor kulturnæringar  og landbruk. Kor vidt yngre folk vil fokusere nyskaping og fornying gjennom verksemder og stadutvikling i og rundt kommunesentra, utmark og opplevings- aktivitetsfokus – eller å sette fokus på nye og andre næringar - eller anna  er noko av det ein vil sjå no som prosjektet kjem i gong», suplerar dagleg leiar Signe Sollien Haugå

I 2015 sette styret i Setesdal regionråd av middel til ei ungdomssatsing – i første omgang som del av likestilling-inkluderings- og mangfaldssatsinga i fylket – men så og som eige ungdomsprosjekt i Setesdal.  Arbeidet starta som temaval for Setesdalsmøtet under Arendalsuka 2015.

Prosjektsøknaden tok utgangspunkt i erkjenninga at unge må få både få makt og påverknad i høve kva form og måte ein skal arbeide med dei tiltaka dei meiner er viktige. «Ungdomspanelet» som var med på Arendalsuka vil bli førespurt som kjernegruppe i organisering og konkretisering av vår ungdomssatsing. Utlysinga av fjellregionssatsinga treff mykje av det som har kome opp i ulike drøftingar her – både når det gjeld kopling mellom næringsliv og relevante utdanningstilbod til arbeidsmarknad / rekrutteringsbehov og ikkje minst gründerskap.

«Vi gler oss veldig til å kome i gong og invitere inspiratorane våre -  «Ungdomspanelet» og i lag med dei og mange andre sette ord om til handling dei neste 2-3 åra»  avsluttar Næss og Sollien Haugå.

Dei retter samstundes ein takk til i Aust –Agder fylkeskommune som bisto i søknadsutforminga.

 

For meir informasjon ;

Styreleiar Jon Rolf Næss på mobil 92834567  e-post: jon.rolf.naess@bykle.kommune.no

dagleg leiar Signe Sollien Haugå, mobil 48237300 eller e-post: ssh@setesdal.no

JOn ROlf og Signe.jpg

Tips en venn Skriv ut