berekraftig byggeri illustrasjonsfoto

Berekraftig byggeri i Setesdal

Informasjonsmøte 21. spetember 2017

Målet med prosjektet er å utvikle modellar for berekraftig byggeri i form av smarte overnattingseiningar. På den måten ønskjer ein å bidra til verdiskaping for både handverkarar, produsentar, grunneigarar og reiselivsaktørar som kan utvikle unike, attraktive og miljøvennlege overnattingseiningar fleire plassar i Setesdal. Realisering av byggjeprosjekt vil samstundes styrke Setesdal som eit attraktivt reisemål.

Velkomen til informasjonsmøte på Sølvgarden torsdag 21. september kl. 18:00 (middag kl. 17:00). Hugs påmelding om du vil ha middag.

Me inviterer med dette handverkarar og relevante tekniske fag, leverandørar av råvarer, grunneigarar, utbyggjarar, reiselivsaktørar og offentlege representantar til informasjonsmøte om prosjektet på

Sølvgarden Rysstad torsdag 21. september

Middag kl. 17:00, møtestart kl. 18:00

Signe Sollien Haugå, arkitekt Erick T. Allende og prosjektkoordinator Ingvild Hovden presenterer prosjektet og planlagt studietur.

Me håpar frammøtte vil ha innspel om til dømes firma/ aktørar som bør involverast, område som kan vere aktuelle for realisering av byggjeprosjekt samt innspel til utforming av overnattingseiningar med fasilitetar.

Påmelding til middag seinast 19. september til post@hovdenkontoret.no / tel 959 79 856

Kort om prosjektet: Målet med prosjektet er å utvikle modellar for berekraftig byggeri i form av smarte overnattingseiningar. På den måten ønskjer ein å bidra til verdiskaping for både handverkarar, produsentar, grunneigarar og reiselivsaktørar som kan utvikle unike, attraktive og miljøvennlege overnattingseiningar fleire plassar i Setesdal. Realisering av byggjeprosjekt vil samstundes styrke Setesdal som eit attraktivt reisemål.

Berekraftig utvikling er i følgje nynorskordboka ”utvikling som gjev økonomisk vekst og betre levekår for folk i dag utan å tære på livsgrunnlaget for framtidige generasjonar”.

Bakgrunn: Setesdal regionråd har søkt og fått løyvd støtte frå ”Fjellsatsinga 2017 – næringsutvikling og verdiskaping i fjellområdene”. Setesdal er sertifisert som berekraftig reisemål, og dette prosjektet vil vere eit godt tiltak for å følgje opp satsinga. Arkitekt Erick T. Allende som er busett på Hornnes har kompetanse innan og interesse for berekraftig byggeri. Han vil følgje prosjektet tett vidare.

 

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS