Inn på tunet bilde FMA

Landbruket - kjelde til mestring og livskvalitet

Inn på tunet

Tradisjonelt landbruk er berebjelken i landbruksnæringane i dalen. Men, det finst og alternative måtar å tenkje gründerskap og drive verksemd med utgangspunkt i garden som ressurs, for dei som kanskje ikkje tenkjer at dei kan bli heiltidsbønder, men har eit bruk dei vil ha som base.  Det vere seg å vere besøksstad, å drive eit tilbod i høve barn- og unge via skular, i høve eldre og personar med demens eller anna. Nyfiken på dette?

Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder og Rogaland arrangerer i samarbeid med Universitetet i Agder ein konferanse om dette. Målgruppa er potensielle tilbydarar av slike tenester, brukarorganisasjonar/kompetansemiljø, og tilsette i helse, sosial, NAV og utdanningssektor.  For meir info og påmelding sjå her: https://www.fylkesmannen.no/Aust--og-Vest-Agder/Kurs-og-konferanser1/Landbruket--en-kilde-til-mestring-og-livskvalitet/

Private deltakarar frå Setesdal vil få noko av deltakingsutgifter refundert.

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS