pengebilde

Lønsam frukost , - miniseminar om ulike støtteordningar og næringsapparat

TYSDAG 13.03 kl 08.30 - Revsnes Hotell

Setesdal regionråd, saman med næringsapparatet i kommunane og i samarbeid med Norges Forskningsråd, Regionalt forskningsfond Agder og Innovasjon Norge inviterer til eit uformelt miniseminar om ulike ordningar mynta på næringslivet for å fremje utvikling av verksemder, produkt og tenester. I tillegg til informasjon blir det høve til å drøfte konkrete behov og idear individuelt. Ikkje minst gratis frukost og høve til å bli kjent litt på tvers og knyte nye kontaktar.

Frukostseminaret finn stad på Revsnes Hotell (Byglandsfjord)tysdag 13.03 kl 08.30 -10.30

Deltakaravg.: gratis - men du må syte for påmelding/ stadfesting snarast til: runar.granheim@setesdal.no.

Program:

8.30 Frokostservering

 

8.50 Informasjon og orientering frå desse:

Næringsapparatet i Setesdal

Forskningsmobilisering Agder v/Bjarne Sverkeli

Regionale forskningsfond Agder v/Tone Haraldsen

Innovasjon Norge v/Ellen Saltermark

Program til ca kl 10.

 

Etter dette er det altså høve til å individuelle samtalar om behov og idear m.m


Dette er for deg som har noko du gjerne skulla ha utvikla kommersielt!

Velkomen!

 

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS