Invitasjon til ope møte saman med Karriere Agder
Stad PERNILLE Kafe Tysdag 10/1 klokka 14 – 15.30


Me har no gleda av å kunna invitera alle som ønskjer meir informasjon til eit uformelt møte saman med Karriere Agder. Setesdal Interkommunale politiske råd vil saman med Karriere Agder vera til stades på Pernille kafé, og det er ope for alle som ønskjer det å komma innom møterommet Pernille mellom klokken 14.00 og 15.30 denne tysdagen.
Her kan du få individuell rettleiing, stilla spørsmål som arbeidstakar, arbeidsgivar, rettleiar, nav og arbeidsmarknadstiltak er sjølvsagt også velkomne til den vesle samlinga vår. I samband med dette har me no fått gleda av å invitera til eit spennande møte saman med Karriere Agder. Dei jobbar mellom anna med karriererettleiing, realkompetansevurdering og kan gi råd og rettleiing slik at kompetanse kan formaliserast i form av eit fagbrev.


Er du usikker på kva som skal til for å kunna ta fagbrev, endra yrkeskarriere, formalisera kompetanse. Spørsmål om søknadsfristar, krav o.l. kan du få svar på denne dagen 
Er du i tvil om din vidare karriereveg, men usikker på korleis du skal gå fram? Då kan det vera verd eit besøk på Pernille kafé denne tysdagen. 
Vil du vita meir om Karriere Agder så kan du gjera det her: https://agderfk.no/vare-tjenester/skole-og-opplaring/karriereveiledning-og-opplaring-for-voksne/karriere-agder/