Regionrådslogo

Møte om NVEs forslag til nasjonal ramme for vindkraft

Presentasjon frå vindkraftmøtet finn du her.

Politikarar frå berørte kommunar i vår region samlast torsdag 2.mai på Evjemoen Kino & Scene.

 

Setesdal regionråd v/styreleiar Bjørn A. Ropstad arrangerar møte med Stein Erik Stinessen v/ Advokatfirmaet Lund & Co DA torsdag 2. mai kl 1100 – kl 1400, i kinosalen på Evjemoen.

Bakgrunn for møtet er NVEs forslag til nasjonal ramme, som Olje- og energidepartementet har sendt på høyring. Departementet vil gjennomgå NVEs forslag og høyringsuttalene før det takast endeleg stilling til politikken for vindkraft på land. Høyringsfristen er 1. oktober 2019.

Dette er ei aktuell sak fleire stader på Agder, og på møtet vert det fokus på sjølve meldinga frå NVE og kommunanes høyringsuttaler.

 

PROGRAM FOR DAGEN

1 - Opning ved styreleiar Bjørn Ropstad

2 - Nasjonal ramme for vindkraft – presentasjon av NVEs forslag

3 - Vegen frå planlegging til konsesjon. Kommunanes og grunneigaranes roller og oppgåver

4 - Frå konsesjon til utbygging, tydinga av MTA-planar (miljø, transport og anlegg)

5 - Vertskommunens haldning til konsesjonssøknaden, - kva kan vektleggast og kva for tyding har kommunens syn for konsesjonsutfallet?

6 - Positive verknadar for berørte lokalsamfunn.

7 - Utbyggingsavtaler, kva er det? Innhald og framgangsmåte.

8 – Spørsmål og kommentarar frå dei inviterte

9 - Avslutning

 

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS