Samarbeid bedriftsklynge Bratt Friluftsliv

Samarbeidsmøte om bedriftsklynge; Valle som reisemål

Positivt møte mellom fleire aktørar innanfor reiseliv i Valle

Førre fredag møtte fleire aktørar frå reiselivet i Valle seg til eit møte om bedriftsklynge og samarbeid. Møtet vart skipa av regionrådet i samarbeid med Bratt Friluftsliv.

Målet er å sette Valle på kartet som reisemål, med utmerka klatremoglegheiter, naturopplevingar, lokal mat og varierte overnattingstilbod. I samarbeid komplementerar ein kvarandre og har høve til å tilby gode tenester og opplevingar for tilreisande. Alle var einige om at samarbeid og framsnakking er ein viktig nøkkel for å få dette til.

Å utvikle Valle som reisemål, der ein tenker berekraft, - miljømessig, men også økonomisk var tema for møtet. Når det gjeld å utvikle Valle som reisemål er det altså samarbeid ein nøkkel. I samarbeid får ein høve til å tilby "full pakke",- tilrettelagte klatreløyper, fjellpark, naturopplevingar, god lokal mat og overnatting. Det handlar om marknadsføring, betre tilbod,- og om arbeidsplassar. Reiseliv er reikna for å vere ein del av "den nye olja".

Aktørane legg vekt på at fleire er velkomne inn i dette samarbeidet. Stikkord er altså: positiv, kommunikasjon, satsing og samarbeid!

Ta gjerne kontakt med oss om du vil vere med i eit slikt samarbeid.

Tenk gjerne samarbeid i ditt område også. Saman blir vi betre!

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS