Setesdal hylla Haugå

Godord frå Regionrådet og Setesdalskonferansen

Signe Sollien Haugå fekk takk, heider og ære frå Setesdal Regionråd etter 10 år som dagleg leiar. Setesdalskonferansen takka også av Signe.

Med kunstverket "Inn i vinternatten" takka styreleiar Bjørn Ropstad Signe Sollien Haugå for innsatsen gjennom 10 år som dagleg leiar i Setesdal Regionråd. Styreleiaren kom med varme og rause ord om Signe og korleis hennar innsats har vore avgjerande for utviklinga i Setesdal dei siste åra. Ordføraren i Evje og Hornnes stakk ikkje under stolen at samarbeidet i Regionrådet har vore utfordrande frå tid til anna - og at spørsmåla frå Signe Sollien Haugå har vore klare og tydelege!

-Eg skulle gjerne sett at ho hadde halde fram eit par år til i ei utfordrande og viktig tid for Setesdal, men det er ei tid for alt. Sa ein noko vemodig Bjørn Ropstad -Det får vere ein mager trøyst at ho tek til som plansjef i Bykle kommune. Ho blir i dalen, og eg satsar på at heile Setesdal kan gjere seg nytte av hennar kunnskap, røynsle og klokskap vidare!

Fullt så vemodig var nok ikkje Bykle-ordførar Jon Rolf Næss i sin tale til Signe under festmiddagen på Setesdalskonferansen på Hovden. -Eg kjenner at eg blir litt fnisete når Bjørn fortel om korleis han vil sakne Signe, for på eit vis er det heilt i orden at ho sluttar så lenge eg fekk kapra henne som plansjef i Bykle!

Programkomitéen for Setesdalskonferansen takka også Signe for godt samarbeid gjennom mange år med eit kunstverk signert Ørnulf Hasla - setesdalskrullar i sylv i ei ikkje HEILT rett line på eit fleire hundre år gamalt bord frå eit knela bur i Setesdal. -Vegen har ikkje alltid vore like lett og bein for den daglege leiaren i Setesdal Regionråd, men Signe har stått i det og tatt utfordringane år etter år. Ho likar utfordringar, og det har ho fått! Sa Ørnulf Hasla og ynskte lukke til med nye oppgåver øvst i dalen.

-Signe har meiningar og meiningars mot! Ho vågar å seie kva ho meiner - og ho stend for det ho har sagt! Men fytti katta for tolmod og diplomatiske evner du har! Gjennom fleire år har Styrk Fjærtoft vore konferansier og dei siste åra med i programkomitéen for Setesdalskonferansen, og han takka også Signe og ynskte alt godt i sitt nye liv. -Eg har kjensla av også Bjørn Ropstad no ser at det som er godt for Bykle - er godt for Setesdal - er godt for Evje og Hornnes!

Den komande plansjefen i Bykle kvittera med å seie at det har vore ti spennande, krevjande og utfordrande år som dagleg leiar i Setesdal Regionråd. -Takk til flotte folk, gode møte og for rike røynsler eg tek med vidare på vegen! Sa Signe Sollien Haugå og tok med seg hyllinga "Inn i vinternatten".

Setesdalskonferansen_20180412_0103 © STYRK FJÆRTOFT
Setesdalskonferansen_20180412_0100 © STYRK FJÆRTOFT
Setesdalskonferansen_20180412_0111 © TROND HAUGÅ
Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS