Setesdalskonferansen_2017 © STYRK FJÆRTOFT

Setesdalskonferansen på Hovden 12. og 13. april 2018

-Kryss av i boka med det same! Torsdag 12. og fredag 13. april er Setesdalskonferansen på Hovden! Gled deg til sterke og inspirerande historiar, seier Styrk Fjærtoft i programkomitéen.

Staden er Hovden og arenaene grendehuset og Hovdestøylen når Setesdalskonferansen 2018 gjeng av stabelen rett etter påske. Torsdag 12. og fredag 13. april er tidspunktet - tradisjonen tru frå lunsj til lunsj. Programkomitéen har alt vore samla og lovar både inspirasjon, fagleg påfyll og utfordringar.

 

-Me leitar etter den gode miksen av lokale heltar og påfyll utanfrå, og kjenner alt no at næringslivsleiarar, tiltaksapparat og offentlege representantar kan gle seg til ein spennande konferanse! Det seier Styrk Fjærtoft som saman med Ole P. Bruun, Connie Barthold, Ørnulf Hasla og Signe Sollien Haugå sit i programkomitéen.

 

Så snart programmet byrjar å ta form, kjem me tilbake med meir informasjon her på sida!

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS