Ungdomsprosjektlogo

Ungdomsprosjektet - prosjektkoordinator

Artig oppdrag for deg som er oppteken av ungt engasjement dalen...

Setesdal gründer- og samfunnsutvikling (SGoS) prosjektet har ledig  30-40% prosjektkoordinator-engasjement.

Målgruppa i prosjektet er 16 – 35 år. Det er p.t. porsjektgrupper som arbeider med tema; ungdomsråd, business, festival, og landliv.

Du må like å arbeide sjølvstendig, i lag med mange - og halde struktur.

Dei ser etter ein utadvent og humørfylt person som ikkje har noko imot å arbeide både noko dag og noko kveld (møteverksamheit)

Oppgåver vil vere prosjektaktivitetar, planlegge og gjennomføre møte, følgje opp dei ulike prosjektgruppene, generell oppfølging av prosjektarbeid, litt skrivearbeid og økonomioppgåver. Erfaring med prosjektarbeid er eit pluss, men ikkje eit krav.

Arbeidsstaden: fleksibel, men du må kunne møte opp frå Hovden i nord til Evje i sør⛰️

Dette er eit engasjement til og med 31.12.17 – tiltreding snarast!

Send søknad og CV til post@setesdal.no.

#jobbisetesdal

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS