pengebilde

Velkomen til ein lønsam dag!

Miniseminar om Skattefunn og andre ordningar mynta på næringslivet

I samarbeid med Norges Forskningsråd og Innovasjon Norge inviterer vi til eit uformelt miniseminar om Skattefunn-ordninga og andre ordningar mynta på næringslivet for å fremje utvikling av verksemder, produkt og tenester. I tillegg til informasjon blir det "skrivestove" - der ein kan arbeide med konkrete søknader med rettleiing under vegs - og eller få individuell prat om prosjekt-idear. 

Seminaret finn stad på Sølvgarden (Rysstad) fredag 2.juni 2017 kl 10:00

Deltakaravg.: gratis - men du må syte for påmelding/ stadfesting snarast til: ssh@setesdal.no - så får du lunsj også!

 

Program:

10:00 Informasjon om SkatteFUNN og ulike ordningar og hjelp som kan utløysast for å utvikle nye varer, tenester , produksjonsprosessar mv. Det blir både døme på prosjekt og aktivitetar som kan finansierast, moglegheiter og avgrensingar, og korleis ein fyller ut søknad.

11:30 lunsj

Etter lunsj blir det skrivestove for dei som ønskjer å kome i gong med konkret Skattefunn-søknad med rettleiing undervegs. (Hugs å ta med PC ev.) Det blir og høve til «speed-date» om aktuelle ordningar for einskildverksemder som ønskjer det med Innovasjon N. Slutt seinast 14:30.


Dette er for deg som har noko du gjerne skulla ha utvikla kommersielt!

Velkomen!

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS