Logo setesdalskrull

Vi søker ny dagleg leiar!

Vil du drive regional samfunnsutvikling i praksis?

Vår noverande dagleg leiar skifter beite og vi lyser ut stillinga. Active people bistår oss med rekrutteringa. 

 

Stillinga vil gje deg ein unik moglegheit til å påverke utviklinga i Setesdal slik at regionen utløyser sitt potensial som ein  god stad å bu, gjeste og drive verksemd.

 

Vi søkjer deg som har tru på "Setesdal", er fleksibel, engasjert  og har kompetanse som kan bidra til dynamikk, vekst og utvikling..

Du må trivast imed relasjonsbygging i skjeringspunktet mellom administrasjon og politikk, og ha evne til  å drive fram nye satsingar i prosjekt i lag med

offentlege og private aktørar. Du trivast i ein hektisk kvardag med leiaransvar, og du vil ha ansvarfor ulike prosjekt og vere  initiativtaker og koordinator for arrangement og

møte med ulike etatar. Kontorstaden er Valle, men du må rekne med mobile arbeidsdagar, så du må disponere eigen bil.

 

For mer informasjon om stillinga kan du kontakte Janne Krohn Grimsmo tlf 918 94 302 eller Bjørn Ropstad på tlf 959 32 305. Vennligst registrer

din cv og søknad på www.activepeople.no innan 08.04.2018.

 

Du har tru på Setesdal sitt potensial!

 

 

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS