Du har rett til å kreve innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i Setesdal IPR er offentleg om ein ikkje kan gjere unntak som er heimla i lov. Setesdal IPR praktiserar meiroffentligheit, og sjølv om eit dokument kan unnatakast frå offetlegheit, skal vi vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis. Hvis det foreligger en plikt til å unnta informasjon skal selvsagt ikke merinnsyn vurderes.

Kriterie/vilkår
Om du krev innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg omfang saker av ein bestemt art.

Rettleiing på tinging av dokument
Setesdal IPR har postliste på nett. Postlista er ei liste over inngåande og utgåande dokument. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet i tillegg til namnet på avsendar eller mottakar av dokumentet. Når du har funne fram til eit dokument du vil bestille, kan du enkelt tinge dokument direkte frå postlista. Alternativt kan du sende ei innsynsbegjæring til post@setesdal.no

Ein gjer merksam på at postlista du finn på nettsida ikkje går tilbake i tid. Årsaka til dette er vi først nylig har teke den i bruk. Om du ønsker innsyn i eit eldre dokument og du veit kva dokument du er ute etter, kan du sende ein e-post til post@setesdal.no så får du hjelp.

Sakshandsamingstid
Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som muleg, dvs vanlegvis same dag, eller innan 1 - 3 arbeidsdagar. 

Meir om offentleghet og arkivlov: