Riksveg 9 er over mange år løfta fram som det fremste og viktigaste tiltaket for Regionrådet, og målet er å få gul midt-stripe til Hovden innan 2023.Trygg ferdsle og framkome er ein føresetnad for regional utvikling. Auka tilgjenge og mobilitet er viktig i høve utvikling av felles bu-, arbeids og servicemarknad. Det er og viktig for å vere eit attraktivt reisemål og reiserute, og å vere eit aktivum i høve ferie- og fritid og rekreasjon for heile landsdelen.

V har også jobba for, og fått realisert eit godt nett av ladestasjonar for elbilar i Setesdal. I tillegg jobbar vi for å utbetre sykkelrutene i regionen.